Medlemsbrev 2018 #2

Til medlemmene,

Når dette skrives så er framleis banen ikkje open, men nå har vi fått en dato og tidspunkt å forholda oss til som er 24. mai kl. 10.  Påfølgande fredag og søndag vil banen være reservert for Ski&Golf deltakarane, men fullt open frå måndag 28. mai. 

Skadane på banan etter ein lang vinter med mykje is var meir omfattande enn først antatt og både green’er og tee’er har blitt sådd på nytt. 

Englandsturen 2018

Englandsturen til Coulsdon Manor 20. – 24. April blei gjennomført i strålande sommar/vår ver og var ein kjærkommen start på ute sesongen. Eit reisebrev vil bli lagt ut på heimesida om ikkje så lenge.

Heimesida

No er den mykje etterlengta nye heimesida på plass. Bruk gjerne litt tid og gjer dere kjent med innhaldet for her er det mykje informasjon  om banen og klubben. Nyheiter blir stadig lagt ut så her er det berre å fylgja med.

Utståande kontingent 2018

Det er dessverre mange som ikkje har betalt kontingent for 2018. Håpar dette berre er ein forgløyming, og at det vil betala så snart som mogeleg. Klubben treng kvar einaste medlem. Ta gjerne kontakt med Ingunn eller Kirsten dersom det ikkje har fått eller finn melding om innbetaling av kontingent.

Dugnad – dugnad – dugnad

Dugnadsarbeidet er gått i gang og me har gjennomført mykje godt arbeid allereie. Det gjennstår framleis ein del, så her er det berre å stille opp slik at banen og klubbhuset blir slik som me ynskjer det. Dersom dere ikkje har anledning til å vera med på dei faste dugnadsdatoane for bane so kan ein ta kontakt med bane komité med Torkjell Eskjeland eller Ivar Gjeraker så vil dei kunne tildela enkeltståande oppgåver. I klubbhuset har Ranja  oppgåver som skal gjerast så dersom det passar betra så kan ein ta kontakt med henne.

Neste felles dugnad er 19. mai kl. 13 – 16. (eigen informasjon sendt ut)

Dugnad som helgevakter i kafe trengs det fleire av. No har Anna og Helge laga oppskrifter og rutinar på alt som skal gjerast slik at det skal vera enkelt for alle å ta på seg nokre timar i kaféen i sesongen.  Dei som kan tenkja seg å vera med på dette kan ta kontakt med oss i styret eller Anna Gjeraker som vil setja opp planen.

Pro Shop

Varene begynner å komma på plass i Pro shop’en. Håper at det finn det meste av nødvendig forbruksmateriell og ikkje minst at dei nye logo artiklane fell i smak. 

Nye traller, «fiskestenger», hanskar, skyggar og baller er det no godt utval av. 

Dersom det meina det manglar noko so ta kontakt. 

Turneringsplanen 2018

No som banen opnar startar og turneringssesongen.  Fyrst ut er Ski & Golf med 53 påmeldte! 

Superrunden vil vera gjengangaren som vil gå kvar onsdag framover og i år med ein fyrste premie som Englandstur 2019 til vinnaren av «Order of merit» til ein verdi av kr. 5000 . Her håpar me at mange vil vera med å kjempa om premien! Ein treng 8 teljande 9- holsrundar for å få endeleg resultat i konkurransen. (Superrunden 18 hol vil telja som 2 stk 9 hols rundar)

Deretter fylgjer Belka Golf Nordic Open som går 2. juni. 

Instruksjon og opplæring

Då er me klar med første Veien til Golf (VTG) kursa for sesongen:

VTG Kurs 1: 4., 5.  og 6. juni kl. 17 – 21

VTG Kurs 2: 11., 12. og  13. juni kl. 17. – 21

VTG Kurs 3: 6., 7. og 8. august kl. 17 – 21

Ta kontakt med Silje dersom det kjenner nokon som vil prøva golf.

Driving range

Overbygget på driving range er no ferdigstilt. Det blei eit prakt bygg som me kan vera stolte av. No er det ingen grunn til ikkje å trena sjølv i dårleg ver. 4 nye utslag med nye matter er på plass.

Oppgraderinga av driving rangen til NXT level er no i innspurten og me håpar dette vil gje ein betre treningsoppleving ettersom det blir fleire mål og ein får trena på forbetring av presisjonen i slaga.

Eit oppdatert oversikt over lengder til dei forskjellige måla vil ein finna i nybygget. 

Husk og å delta i «tønne» konkurransen som har fine premiar kvar månad!  Mai månad er sponsa av Voss Kjøtt.

Køller 

Klubben treng fleire køller og helst heile eller halve sett gjerne med bag til utleige til gjestar og VTG kurs. Dersom de har fullt brukane og ikkje alt for gamle køller liggjande så ynskjer klubben svært gjerne å overta dei for eit vidare liv i golfens tenesta. 

LAG NM 2018

Lag NM 2018 vil bli arrangert i tidsrommet 20. – 22. juli. Voss Herrar kvalifiserte seg til 1. divisjon og får dermed ein ekstra speledag. Det er eit nytt system av året for val av arena, og me vil søkja om å få spela på Nordsjø GK da den er enklare å komma til enn Onsøy. Me vil  senda 5 herre spelarar.

Voss Damer vil spela i 2. divisjon i 2018 og her er det Utsikten GK som vil vera arena. Me vil senda 2 dame spelarar.

Me håpar mange vil vera med å kjempa om plassane på laga. 

Uttakskriteria vil basera seg på følgjande:

  • Brutto resultat (utan handicap)
  • Turneringar:  Superrunden 18 hol, Region Tour Hordaland, Belka Tour
  • Andre aktuelle slag turneringar utanom Voss.

Påmeldingsfristen er 15. juni, så me treng tilbakemelding snarast på kven som er interessert slik at vi ser om me har nok deltakarar til å stilla lag. Ta kontakt på ein eller annan måte med Egil eller Gaute.

Grasrotandelen

Til slutt vil me minna om Grasrotandelen. Du kan velga Voss Golfklubb i linken nedanfor, og som de ser så her den eit godt bidrag til å utvikle og driva klubben vidare.

Med helsing

Voss Golfklubb

 

Voss Golfbaner
Golfparken 9
5710 Skulestadmo
Telefon: 400 04 490
post@vossgolf.no