Vegen til Golf kurs
Voss Golfklubb har gleden av å invitera til «Vegen Til Golf» kurs på golfbanen på Nedkvitne til fylgjande tider:
Kurs # 1: 4., 5. og 7. juni
Kurs # 2: 11., 12., og 14. juni
Alle dagar kl.1700 – 2100
«Vegen til Golf» er eit obligatorisk kurs for alle som ynskjer å spela golf. Kurset består av teori, praksis, teknikktrening på dei viktigaste slaga, og spel ute på banen. Det er ingen testar eller prøvar, berre ein hyggeleg innføring i golf, saman med instruktørar. Gjennomført kurs gir deg muligheit til å spela på banen på eiga hand rett etter kurset.
Golf passar for alle, so me gler oss til å ta i mot unge, eldre, familiar, vennegjengar eller om du kjem åleina.
Kursavgift kr. 300,- som inkluderar materiell, ballkort og lån av utstyr på kurset.
Etter gjennomført kurs vil ein få tilbod om medlemskap i Voss Golfklubb til fordelaktige prisar.
Påmelding til Silje på telefon/SMS 990 46785 eller e-mail siljesvartveit@gmail.com