Superrunden 8.august
Superrunde nr.8 denne sesongen vart vunne av Andreas Oppedal, Randi Espeland Østvik og Per-Inge Sørensen. Me gratulerar! 26 deltakarar var bra oppmøte. Velkomen igjen!
Andreas Oppedal vann klasse A, eitt poeng føre Terje Vethe i A-klassen. Ein flott birdie på hol 5 var essensiel for å sikre sigeren.
I B-klassen vart det «bortesiger» til Per-Inge Sørensen frå Haugesund GK. Han vann med -1 framfor Morten Andersen og Oddvar Martin Jansen på +2.
I dameklassen var det Randi Espeland Østvik som var sterkast då ho gjekk på par. Eitt slag føre Kirsten Hauge Rogne.