Kafeteria
Voss Golfbaner sin kafe med flott uteservering ligg idyllisk til, med utsikt over golfbanen, Lønavatnet og Lønahorgi. Kafeen er åpen kvar dag frå kl.1000 til 1700 mandag-torsdag og søndag samt kl. 1000 til1900 fredag – lørdag.
Me serverer letta rettar, med spesiell fokus på kvalitetsprodukt frå Vossakjøt, og har skjenkeløyve for øl og vin. Uteterassen med markiser er ein flott plass å slappa av med god mat og drikke enten du akkurat er ferdig med golfrundene, eller berre vil komma innom for god mat og drikke på Voss sin finaste uteservering.
Ut over vår faste kafe meny så har me avtale med «Lene`s kjøkken» og me reserverer gjerne klubbhuset til ditt firma eller vennegjeng for arrangement, og servering av den mat de måtte ynskja, gjerne kombinert med ein uhøytidelig introduksjon til golf. Gå inn under «Arrangement» for å les meir om leige av lokaler og gruppe arrangement.