Junior
Å få ei god satsing på junior området er noko av det viktigaste for golfbanen og Voss Golfklubb i tida framover. I all prising av Vegen til Golf kurs, medlemskaps prisar, greenfee prisar etc så er me veldig opptatt av å ha låge prisar for born og ungdom, slik at ikkje økonomien skal vera begrensande for unge som vil begynna å spela golf.
Juniorgruppa (0-16) har treningstider frå kl 170 på mandag og utover kvelden (kan reise når du vil ;)). Treningane vert frå første mandag i mai og fram til skuleslutt i juni. Me startar opp igjen ved skulestart i august og held på fram til slutten av september. Me prøver også å få til nokon treningar/samlingar i sommarferien. Følg med på facebook og heimesida eller kontakt Stig Anders Hauge på tlf 99 51 06 71 (mail: stigahauge@yahoo.com) for meir i formasjon.
Me har også ein del aktivitetar med blant anna konfirmantene på Voss, og fleire grupper frå idrettsskulen i grunnskulen på Voss er fast på banen.
27.juni arrangerer Voss Golfklubb juniorturnering. Dette eit lågterskelarrangement der mange juniorar frå andre klubbar på Vestlandet kjem til Voss. me håpar mange av våre juniorar også vil være med på dette. Ta kontakt med Stig Anders for informasjon.
Følg med her på heimesida, følg oss på Facebook, og ta gjerne kontakt med oss hvis de har nokon spørsmål om korleis du kjem i gang med golf! Me ynskjer alle unge hjertelig velkommen til å komma opp på banen og spela golf!