Slåing av, fairways og rough🌱
Det har i det siste vore ein del klagar på graslengd på fairways, rough, og til dels også greenane, og mange teoriar har florert.
Me hadde i går møte med Frode og Torkjell om dette, og alle desse områda av banen vert i følge Frode slått nøyaktig så ofte, og med samme klippehøgd som sidan banen vart bygd; Fairways slås mandag, onsdag, fredag, med klippehøgd 18 mm, greenar vert slått alle dagar unntatt mandag med klippehøgd 3,6 mm, og rough vert slått to gonger i veka med klippehøgd på hhv 45 og 70 mm for rough og heavy rough.
Det har i sommar vore ekstremt god vekst, noko me alle jo er glad for, med dei tettaste og grønaste fairwayane me har hatt. I kombinasjon med uvanlig kraftig regn på kort tid onsdag til fredag på dagtid dei siste to vekene har dette imidlertid også skapt problem for slåing av fairways og rough. Dette har blant anna gått ut over banekvaliteten til Superrunden onsdag og turneringane i helgene, som gjerne har blitt avholdt i strålande sol.
Det skal for øvrig nevnast at våre greenkeeparar no i helga under VM Seimen Open starta slåing av greenar kl.0500 om morgongen for at desse skulle vera tipp topp til turneringen, så at nokon i sosiale media har klagd over graslengden på greenane desse dagane er ikkje så lett å forstå.
Me kan berre beklaga at fairways og rough ikkje alltid har vore slik me ynskjer dei siste par vekene, men dette er altså utelukkande grunna ekstremt uflaks med værforhold som me ikkje rår over, kombinert med eit banebesøk spesielt fredag til søndag som sterkt begrensar når me kan slå banen. Det er heller ikkje bemanningen som har vore problemet til no, men me har nokre utfordringar på dette området no framover som me håpar å finna ei løysing på i løpet av den nermaste veka.
Hvis de har kommentarar eller spørsmål til slåing av banen så bes de kontakta Frode, banekomiteen ved Torkjell, eller eventuelt underteikna, slik at fakta kan bli klarlagt, og unødvendige rykte unngått.
PS. Nedenforståande bilde frå ein tirsdagsrunde i går, i etterkant av ein regnfri mandag, og med strøkne fairways, samt av vår greenkeeper Torstein på green 4 før tåka letta på lørdag.
Helge Vatne, 19/8-20