Banestatus
Ein liten statusrapport frå banen, godt illustrert med bilde av eit bygg som reiser seg i ekspressfart, men dessverre også av gule greenar.
– Banen har hatt ein tøff vinter, og det er noko isbrann på greenane. Desse er no re-sådd dei siste dagane, og baneåpning vert av den grunn utsatt eit par veker i forhold til vårt håp om å åpning tidlig i mai.
– Driving range er endelig snø og isfri, og hvis det tørker opp slik at ballplukkar kan brukast, så håpar me på åpning tidlig neste veke. Tak over 4 utslag er klart i slutten av veka hvis levering av materialer etc held planen.
– Simulatoren vert i dag stengt for sesongen, ei veke tidligare enn planlagt grunna eit større arrangement som me har fått i klubbhuset.
Me kjem tilbake med meir informasjon om status på bane og driving range i neste veke.