Haust på golfbanen⛳️🍁
Hausten er over oss, men heldigvis av det snille slaget, og regnet har dei siste vekene stort sett halde seg aust av Langfjella, og frosten har glimra med sitt fravær. Til alle som lurer så kan me difor beroliga med at golfbanen er i strålande stand, og at det ikkje er nokon planar om stenging av golfbanen så langt me kan sjå🏌️♀️
Men det vert tidligare mørkt, så frå nå av stenger driving range kl.1800, slik at ballplukkarane ser kva dei sug inn i maskineriet⛳️ Vidare så er skilt satt opp som gjer oppmerksom på at banen er stengt ved frost inntil denne har tint på formiddagen, hvis det skulle komma kjøligere netter framover❄️
Sidan banen fortset å halda åpen framover er det også satt i gang ein uformell åpen 9-hols turnering som vert avholdt første gong nå på søndag, og vidare utover hausten så lenge forholda tillet det. Informasjon og påmelding i Golfbox.⛳️
Ellers så er også golfsimulatorane klare for bruk, og me vil minna om tidligtilbudet ved tegning av simulator medlemskap innan 15.okt. Meir om tilbudet HER.🏌️♂️
Bemanning i klubbhuset er no framover stort sett i helgene, for det er saktens ikkje lett å få frivillige til å hjelpa til der😏 Så hvis du har behov som ikkje kan ordnast med automater, som golfbil etc så kan det vera lurt å senda ein mail til post@vossgolf.no i litt god tid, så skal me prøva å ordna det😊
Ovanfor eit bilde av siste runde som vart spelt 13.oktober i fjor, og nedanfor golfbanen slik den låg der i dag, i all sin prakt, på ein av dei få dagane med litt regn. Men allerede til helga skal sola igjen ta over, og i følge YR skina ned på oss langt utover i neste veke😎 Velkommen til flotte haustdagar med golf på Voss!🏌️♀️🍁🏌️♂️
Helge, 7/10-20