Dagleg leiar, Voss Golf
Etter 4 år som dagleg leiar og styreleiar i Voss Golfbaner AS, i tillegg til full jobb «utanfor», så er tida inne for å prøva å finna nokon til å ta over stillingen som dagleg leiar i selskapet.
Dei siste åra har dagleg leiar vore ulønna, men me anser at økonomien i selskapet nå er såpass god at me skal kunna ansetta den rette i ein lønna stilling. I første omgang så prøver me på å lysa stillingen ut blant klubbens medlemmer, men tek også gjerne imot tips på kandidatar som ikkje spelar golf.
Personen vil ha ansvar for den daglige driften av golfanlegget, herunder arbeidsgivaransvar for 6-8 ansatte, og i samarbeid med styret det økonomiske ansvaret for golfbanen, med ein omsetning rundt 3 mill pr år. Meir detaljerte oppgåver er som fylgjer:
- Overordna økonomisk ansvar saman med økonomiansvarlig.
- Budsjett for året.
- Følge opp omsetning.
- Månadlig gjennomgang og oppfølging av resultat.
- Faktura inn / ut.
- Leasing kontraktar.
- Forsikring bygg, maskiner utstyr og ansatte.
- Telefon, e-mail og postmottak.
- Ansvarlig hovedtelefon, og avtale backup telefon med nokon.
- Minst daglig sjekk av mail, og fordeling til rett mottaker.
- Minst ukentlig sjekk av post, scanne og fordele.
- Saker til styret i Voss Golfbaner AS
Oversende alle større og prinsipielle saker og investeringar til styret i golfbanen. Delta på styremøte ved behov.
- Samordning med klubb
Samordne turneringar og arrangement med klubben, herunder «Åpen dag», VTG etc. Blokkeringar av banen, bemanning og bestilling av mat, drikke etc i f.m arrangement.
- Elektronisk arkiv.
All korrespondanse, ansettelseskontrakter, styrereferat, resultatrapportar, planar for bane etc skal arkiverast i elektronisk arkiv. Dette har ikkje klubben tatt i bruk.
- Sponsoravtalar.
- Inngå avtalar, og følga opp sponsorar.
- Bestilling av skilt.
- Fakturering saman med økonomiansvarlig.
- Heimeside, Facebook og Instagram:
- Informasjon til medlemmer.
- Reklame for turneringar.
- Resultat, tekst og bilde frå turneringar.
- Reklame for åpen dag, VTG kurs, arrangement for firma.
- Reklame golfpakker/hotell/bubil.
- Reklame for våre sponsorar på heimeside og sosiale media.
- Reklame Golfheftet kampanjer etc.
- Generell reklame, bilde og tekst frå dagligdagen på banen.
- Banen:
- Personalansvar baneansatte.
- Budsjett og innkjøp saman med greenkeeper.
- Oppfølging at dei mål me set for banestandard vert fulgt opp.
- Ansette greenkeeparar, ansettelseskontrakt.
- Vaktlister, timelister og lønn.
- Følge opp at drift er i hht AML.
- Følge opp samarbeid greenkeeper, banekomite og dugnader.
- Klubbhus / pro shop:
- Personalansvar ansatte.
- Budsjett og innkjøp saman med klubbhus ansvarlig.
- Ansette betjening, ansettelseskontrakt.
- Vaktlister, timelister og lønn.
- Dokumentasjon, skilt, rutinar kafe / pro shop.
- Utleige bubilplassar.
- Utleige lokaler.
- Tilsyn Equinor hytter.
- Kontakt Equinor hytteansvarlig.
- Motta klager frå leigetakarar, og følga opp.
- Ansetta og følge opp tilsynsansvarlig.
- Kjøpe inn utstyr etter avtale med Equinor.
Lønn og stillings prosent er i henhold til avtale med styret, alt etter kva me i samråd med kandidaten vert einige om.
I utgangspunktet ser me for oss rundt 50-80% stilling, litt avhengig av kva den ansatte har mulighet til å legga ned av tid i kafe/pro shop og evt på banen, i tillegg til ansvaret som dagleg leiar.
Dagleg leiar skal ansettast av, og rapportera til styret i Voss Golfbaner AS. Styrene i klubb og bane har imidlertid satt i gang ein prosess som har som mål å føra til at klubben overtar ansvar for driften av banen, herunder dagleg leiar og øvrige ansatte.
Så tenker du at du sjølv kan vera aktuell for ein slik stilling, eller kjenner til nokon du meiner er rett person til å leda golfbanen vidare, ta kontakt med underteikna på tlf 957 19948, eller e-mail post@vossgolf.no.
Helge Vatne
Styreleiar
Voss Golfbaner AS