Innkalling til årsmøte i Voss Golfklubb 2021

Dato: Torsdag 22. April 2021
Tid: kl. 18:00
Stad: Voss Gymnas, Storesalen

For å ivareta smittevern på årsmøtet vert det påmelding via golfbox, slik at me har kontroll på kven som kjem. Følg lenkja HER for å melde deg på årsmøtet via golfbox.

Saksliste:

  1. Godkjenning av frammøtte og stemmeføre
  2. Godkjenning av innkalling og saksliste
  3. Val av møteleiar, referent og to personar til å underskrive protokoll
  4.  Handsame klubben si årsmelding
  5. Handsame klubben sin rekneskap
  6. Handsame innkomne forslag
  7. Fastsetje medlemskontingent for 2022
  8. Vedta Budsjett 2021
  9. Behandle klubbens organisasjonsplan
  10. Val

Innkomne forslag til årsmøte må vera sendt styre seinast 2 veker før årsmøte, dvs. seinast 8. april 2021, kl. 18.

Fullstendig saksliste og sakspapira vil bli sendt ut via e-post, og elles å finna i klubbhuset frå fredag 15. april kl. 18.

 

Med forbehold om endringar i gjeldande koronarestriksjonar i Voss Herad. Møtet kan verte avlyst eller gjennomført digitalt på kort varsel.

 

Voss, 11. mars 2021
Styret i Voss Golfklubb

Voss Golfbaner
Golfparken 9
5710 Skulestadmo
Telefon: 400 04 490
post@vossgolf.no