Åpning av golfbanen!⛳️

Nokre kjølige dagar i det siste har bremsa oss litt, men no er me klar, og tid for åpning av golfbanen er bestemt til torsdag 29.april kl.1200🏌️‍♀️

Klubbhuset er betjent førstkommende torsdag og fredag kl.1200-1500. Deretter kl.1000-1700 i helgene, og kl.1000-1300 på kvardagar dei første par vekene.

Så då håpar me på god oppslutning på dugnaden mandag kl.1700, slik at me får åpna banen i den stand som alle forventar at den flotte golfbanen vår skal vera i!🏌️‍♂️

Velkommen til ein ny golfsesong på Voss!🏔🏌🏽⛳️

 

Voss Golfbaner
Golfparken 9
5710 Skulestadmo
Telefon: 400 04 490
post@vossgolf.no