Resultat Superrunde 1 – vår

Då var endeleg årets turneringssesong i gang og sjølv om koronarestriksjonane kun gav spelarar busett i Voss Herad moglegheiten til å være med så var det heile 27 deltakarar. Best av alle denne ettermiddagen var Sondre M Hovland som gjekk på heile -6. Han var einaste deltakar i klasse E og vann då sjølvsagt også denne. Men med slikt spel framover så spørs det kor lenge Sondre vil være i denne klassen 😉 I klasse C vart det endå ein Hovland-siger der Ingeborg vann på +1 og Ingrid Laurhammer Fagnastøl fulgte like bak på +2. Klasse B hadde heile 12 deltakarar og her fekk Roy Brusveen dagens nest beste score på -2 og vann framfor Ivar Gjeraker som gjekk på par. I klasse A vann Terje Vethe på -1 og Ståle Øverland hadde også denne scoren. Alle resultat føl under og neste onsdag er det klart for ny runde. Då framleis med dei same restriksjonane, men 18. mai vil det komme nye retningslinjer som forhåpentligvis vil opne opp for spelarar utanfor Voss Herad også.

Voss Golfbaner
Golfparken 9
5710 Skulestadmo
Telefon: 400 04 490
post@vossgolf.no