Resultat superrunde 2 – vår
Då var Superrunde 2 denne våren unnagjort. 25 deltakarar i dei 4 klassane må seiast å være bra når det er fyrste dagen i ei langhelg for mange, samt at berre spelarar frå Voss Herad får lov å delta. Me håpar no inderleg at regjeringa lempar på krava den 18.mai, slik at alle i alle fall spelarar frå Vestland fylke får lov å komma og konkurera på vår vakre bane.
I dagens Superrunde var det mange særs gode scorar. Best av alle var Sondre M Hovland på -9, tett fulgt av Mattis Kaldenbach på -8. Begge desse deltok i klasse E. Både i klasse A og B var vinnarscoren heile -6, I B-klassen var det Ole Andreas Dyrhovden som vann, mens i A-klassen var det Ståle Øverland som var best. Ståle gjekk ein runde på berre 39 slag, noko som berre er 3 slag over banens par. Med birdie på både hol 4 og 5 må det seiast å være ein god ettermiddag for Mr. Øverland. I C-klassen vart det også gått under par og det var Ingeborg Hovland som vann på -1. Resultatlister for alle klassar ligg under.
Klasse A
Klasse B
Klasse C
Klasse E