VM – Seimen Open parturnering
Laurdag 5. juni i strålande og kokvarmt sommarvêr vart årets vossameisterskap Seimen Open avgjort. Denne fyrste dagen var det parturnering med 9 hol foursome og 9 hol fourball. Øvsthusane Kjartan og Hanne Lin tok ein overbevisande siger med heile 15 slag under sitt par. Like imponerande var nok Sigve Brunborg og Olav Østerbø Jansen som spelte på -11. På tredjeplass kom Finn Bjørnar Opedal Berg og Morten Opedal på -9. Heile 28 lag stilte til start og då var det rett og slett ikkje plass til fleire i dagens konkurranse. Resultat og litt bilder frå dagen finn du under. I dag er det 18 hols vossameisterskap Seimen Open singelturnering. Resultat frå dagen får du i løpet av kvelden.