Flott artikkel om bana vår i Norsk Golf!
I sist utgåve av norsk golf hadde bladet tatt turen innom bana vår i artikkelserien «Spilt siden sist». Som fast lesar av desse spalta kan eg skriva under på at eg aldri har lest slike godord om ei 9-holsbane. Norsk golf skryt uhemma av både av kvaliteten på bana og omgjevnadane. Me kan berre nemne innleiinga; «Mange rynker gjerne litt på nesa når man hører at en bane ikke har 18 hull. Skal man kjøre helt dit bare for å spille de samme hullene to ganger? TIl det svarer redaksjonen et rungende JA!»
Betre reklame enn dette er det vanskeleg å få og her det berre å retta ein stor takk til spesielt greenkeeper og resten av hans creew for å fått bana er i så god stand at norsk golf blir så henrykt som dette. I tillegg må ein jo også nemne alle som kvar dag gjer det vetle ekstra for at både bana og golfklubben no går så bra som den gjer. Ein kjempejobb! For å lese heile artikkelen (noko me anbefaler på det sterkaste) så kan de følgje denne lenkja HER.