Ståle vann match-play finalen
Ståle Hesjedal Lunde vann årets match-play etter at han slo Håkon Seim i finalen laurdag 9.oktober. Han vann med 4&3 og tok dermed heim den prestisjetunge tittelen. Det har vore 25 spelarar med i åreta match-play og Ståle vann heile 5 kampar før han til slutt kunne heve «pokalen» over hovudet. På laurdag vart det også spelt «siste-sjansen» og 12 lag kjempa om sigeren. Resultata finn du nederst i artikkelen.
Vidare vil klubben informere om at det blir sesongavslutningsturnering søndag den 17.oktober og seinhaustturnering nummer 3 onsdag den 13,oktober. Påmelding vert gjort i golfbox. Dersom det vert fleire enn 25 deltakarar på onsdag så blir det blant scorekorta trekt ut eit sesongkort på simulatorane