Ingeborg på treningsleir i Spania

Ei av dei mest aktive spelarane i klubben, Ingeborg Hovland, har akkurat vore på trneingsleir i Spania med skulen. Ho har skrive eit lite reisebrev og ei lita oppdatering frå dei første månadane om tida på golflinja på Metis i Bergen.

Hei🙂 her kjem ei lita oppdatering frå meg etter eit par månader på Metis videregående der eg går golflinja. Eg trivst veldig godt på skulen med kjekke lærere og medelevar. Så er det veldig greitt at det er Donovan som er læraren min med tanke på at det er han som er trenar/proen på Fana, der eg trener på ettermiddag/kveld. Frå august til oktober, når me fortsatt spelte ute var fokuset kun på nærspel og no når me er begynt inne, er det svingteknikk det går mest i. I år har eg spelt dei fleste Narvesen turneringene med gode plasseringa, men i tillegg fekk eg med meg to Srixon turneringa (vart sjølvsagt sjuk på finale turneringa), det har vore veldig lærerikt og moro.

Me var på treningsleir med NTG Bærum på Costa Ballena, Cadiz i Spania frå 9-20 november. Masse styr før avreise med masse papir og corona testing, men me kom oss avgårde tilslutt.😉 NTG var 10 gutta og Metis var 4 gutta og 3 jenter. Det var hardt opplegg kvar dag, begynte dagane med fysisk trening klokka 6.15-7.00 (det var ikkje fysisk trening kvar dag, 4 dager), frukost 7.30 før me kom oss på bana og spelte 18 hol klokka 9. Etter 18 hol var det lunsj kvar dag klokka 13.30. 15.00 var det felles trening med NTG Bærum. Når klokka nærma seg 17/18.00 var det satt av timar til å gjøre skulearbeid fram til middag 19.30. So hadde me resten av kvelden til å slappe av, reise på butikk eller spela spel og ping pong.😊🏓

Slik gjekk dagane unntatt den eine MONSTER dagen. Monster dagen var veldig mentalt utfordrende, men da var meininga og. Alle fekk ei lang liste over forskjellige oppgåve innafor range, putting, spel og shortgame. Me fekk poeng ettersom korleis me gjennomførte dei forskjellige oppgåvene, nokre stasjonar gjekk på tid, nokon der ein skulle ha so og so mange ballar innanfor eit mål på rad, og når ein var ferdig med ei oppgåva måtte ein sikre desse poenga med å sette ein tricky 1 meters putt, om du bomma måtte du begynne på nytt eller gjera ei anna oppgåve (me kunne ta stasjonene så mange ganger me ville). Me begynte klokka 8, lunsj 13 og var ferdige klokka 17.😰⛳️ Dette var ein tung dag der ein lærte mykje om kor viktig det er å være fokusert og rolig gjennom alle oppgåvene. Då monster dagen var ferdig var det godt å komma seg på stranda å spela fotball og bada.Denne treningsleiren lærte meg mykje, og det var veldig kjekt å kunne sjå korleis dei beste juniorgutta i landet forberede/konsentrerte seg i spel og trening. Veldig moro og kjekk treningssamling i fin temperatur og gode trenara og medspelara.🏌🏼‍♀️

Snakkes👋🏼

Puede ser una imagen de 1 persona, campo de golf, palmeras y naturaleza
Puede ser una imagen de naturaleza, árbol, campo de golf y césped

Voss Golfbaner
Golfparken 9
5710 Skulestadmo
Telefon: 400 04 490
post@vossgolf.no