
Årsrapport Voss GK 2021
Klubbstyrets forord
Året 2021 har som i 2020 vore eit spesielt år. Koronapandemien har herja hjå oss dei to siste åra. Sjølv i ein pandemi så har det vore eit flott år for Voss golfklubb. Driving-rangen opna 17. april og ikkje lenge etter kom baneopninga 29. april.
Sidan opninga har det vore mykje aktivitet både ute på banen og ved klubbhuset. Me har hatt værgudane med oss nesten heile utesesongen, noko som har bidratt til utruleg mange flotte gjestespelarar på banen. Det har i tillegg vore stor deltaking på alle turneringar som er arrangert gjennom sesongen.
Voss Golfbane har vore ein attraktiv plass for «ikkje-golfarar» også i år. Fleire bedrifter og klubber har tatt turen for sosialisering og team-building. Det har vore innhopp frå fallskjermklubben, sommarfestar og mykje meir.
Golf har blitt ein populær sport i pandemien me har vore i den siste tida, det har me merka spesielt hjå oss dei to siste sesongane. Gjennom sesongen har me hatt nærmare 75 stk på VTG-kurs, der nesten alle også har blitt medlem i ettertid.
Me lyt takka banemanskapet for å ha heldt banen i flott stand gjennom heile sesongen, og ikkje minst medlemmane våre som har stilt opp på dugnad både i klubbhus og ute på banen generelt. Takk og til våre sponsorar som gjer det mogeleg for oss å ha ein av vestlandets flottaste golfbanar. Må året 2022 bli lika bra om ikkje betre.
Styre, utval og komitear 2021
Styret i Voss Golfklubb, vald på årsmøtet i 2021:
Leiar: Sunniva Horvei Valt for 2021
Nestleiar: Glenn Ove Hovland Valt for 2021 og 2022
Styremedlem: Marius Almeland Valt for 2021 og 2022
Styremedlem: Nils Bjarne Hommedal Ikkje på val
Styremedlem: Terje Vethe Valt for 2021 og 2022
Styremedlem: Kjetil Brusveen Valt for 2021 og 2022
Varamedlem: Ståle Hesjedal Valt for 2021 og 2022
Varamedlem: Silje Svartveit Valt for 2021
Styret vart konstituert på styremøte 27.04.21 Styret har hatt 11 styremøter i 2021.
Kontrollutval
Leiar: Oddvar Jansen Ikkje på val
Medlem: Maria Vestrheim Valt for 2021 og 2022
Varamedlem: Randi Østvik Valt for 2021
Valkomite
Leiar: Egil Østvik Valt for 2021
Medlem: Bjarne Eggereide Valt for 2021
Varamedlem: Magnar Grevle Valt for 2021
Komitear i Voss Golfklubb 2021
Turneringskomite: Nils Bjarne Hommedal, Terje Vethe, Ove Magne Straume, Marius Almeland
VTG komite: Glenn Ove Hovland
Senior komite: Nils Bjarne Hommedal
Dugnadskomite: Gaute Kalstad
Banekomite: Torkjell Eskeland
Medlemskomite: Kirsten Rogne, Ingunn Berge
Medlemsforhold
Ved utgangen av 2021 hadde Voss Golfklubb totalt 442 medlemmar, derav 4 medlem som ikkje er klubb-medlem, på følgande kategoriar. Dette er ei øking frå 383 medlemmar i 2020.
Aldersgruppe | Damer | Menn | I alt |
0-6 år | 0 | 2 | 2 |
7-12 år | 0 | 7 | 7 |
13-18 år | 1 | 16 | 17 |
19-24 år | 6 | 36 | 42 |
25-39 år | 8 | 63 | 71 |
40-59 år | 25 | 103 | 128 |
60-69 år | 35 | 59 | 94 |
70 år og over | 31 | 46 | 77 |
I alt | 106 | 332 | 438 |
Voss Golfklubb opplevde i 2021 ei øking på 59 nye medlem. Av dei 438 klubb-medlemma er 106 kvinner/jenter. Det tilsvarer ca 24% av medlemmane.
Golf-året 2021
Tilsette
Voss Golfklubb har ikkje hatt nokon faste tilsette i 2021, og alt arbeid i klubben er gjort på dugnad. Voss Golfbaner har, i samarbeid med Voss Golfklubb, tilsett ein Dagleg leiar og kiosktilsett i sommar for å lette drifta på klubbhuset. Dagleg leiar var Veslemøy Christina Hetleoen og sommartilsett i kiosk var Marthea Stokkebø.
Spel og aktivitetar
I sesongen 2021 er det registrert 14665 bestilte starttider på Voss Golfklubb. Dette inkluderar alle registrerte runder, både bekrefta og ubekrefta 18- og 9-holsrunder, samt turneringsrunder og blokkeringar elles.
HCP-profil
Handicapgruppe | Damer | Menn | I alt |
Under 4,5 | 0 | 3 | 3 |
4,5-11,4 | 2 | 15 | 17 |
11,5-18,4 | 3 | 35 | 38 |
18,5-26,4 | 9 | 70 | 79 |
26,5-36,0 | 26 | 74 | 100 |
37-54 | 66 | 135 | 201 |
I alt | 106 | 332 | 438 |
Rundt 45% av medlemmane i Voss Golfklubb har hcp frå 37 og over. Dette henger nok mykje saman med at me har fått mange nye medlem både i fjor og i år. Ca 68% av medlemmane i Voss golfklubb har hcp over 26,4.
Vegen Til Golf
Det har vore fem planlagte kurs gjennom utesesongen, samt at det har vore ekstra kurs ved interesse. Deltakelsen på VTG har i 2021 vore ca 75 stk. Når ein ser på auken på 59 nye medlem i 2021, tilsvarer dette ca 78% av dei som deltok på kurs. Likevel er kanskje nokre av dei nye medlemmane tidlegare medlemmar som har starta opp att eller har andre grunnlag. Uansett så har VTG vore kjempe viktig for å få nye medlem i klubben vår.
Innersvingen
Året starta med at simulatorane var stengt periodevis grunna koronarestriksjonar. Det vart ikkje arrangert nokon inneturneringar i starten av året heller. I haust og vinter har simulatorane vore opne som vanleg. Me fekk arrangert ein inneturnering før restriksjonar førte til at det ikkje vart gjennomførbart. Det har likevel vore mykje aktivitet på simulatorane og i klubbhus. Me håpar å få arrangert koselege og sosiale kveldar på nyåret.
Treningstilbod
Klubbstyret vedtok å starte opp klubbtreningar for å auke aktivitet blant medlemmane i klubben og for å gi både nye og gamle medlemmar eit trygt og sosialt miljø. Ved at fleire blir integrert i klubben, vil fleire og bli meir aktive og delta på anna arrangement på golfbana. Målet var å ha ei trening i veka som blei styrt av instruktørar og trenarar, der det skal treninga skal ha hovedfokus på driver, putting, nærspel og anna kvar gong. Det vart gjennomført nokre treningar i 2021, men me håpar at interessa og opplegget blir betre i 2022.
Det har også over lengre tid vore ynskje om treningar for dei som vil delta på NM. Det blei derfor vedtatt å starte opp elitetreningar for denne gruppa. Treningane hadde stort fokus på teori, samt trening på nærspel, putting og trene på ulike speleformar med meir. Det vil fortsetje å vere elitetreningar i 2022.
Helsing frå Juniorgruppa
Voss Golfklubb sine juniorar har spela lokale turneringer i 2021. For det meste er det turneringer på banen vår me har spelt, slik som superrunden og eigne turneringa. Mikkel Svartveit Sætre, Sondre M Hovland og Ingeborg M Hovland har deltatt på Narvesen Tour Vestlandet Nord.
Ingeborg M Hovland deltok og i norgesmesterskapet for juniorlag, eit samarbeidslag mellom Sotra Golfklubb og Voss Golfklubb. I tillegg har Ingeborg deltatt på to Srixon Tour turneringa.
Spelarar som har vært aktive i 2021:
Mikkel Svartveit Sætre, Sondre M Hovland, Ingeborg M Hovland, Hauk Almeland Lidsheim, Hogne Dæmring Suhr. I tillegg har ein 2-3 gutar vert med på trening, men ikkje deltatt på turneringer.
Trenarar: Silje Svartveit, Nils Bjarne Hommedal. I tillegg har Marius Lidsheim Almeland, Terje Vethe og Alvar Fjellanger bidratt etter behov.
Oppmann/organisator: Glenn Ove Hovland.
Juniorgruppa har hatt fokus på tryggheit, trivsel og det å få oppleva mestring i 2021. Noko me kjem til å ha fokus på i 2022 og.
Me skulle veldig gjerne vært fleire spelarar, men det er vanskelig å konkurrera om ungdommen med dei «store» idrettane som fotball, håndball og langrenn her på Voss.
Resultata for juniorane i 2021 har vært gode og me har verkeleg sett Voss golfklubb på kartet i år. Mikkel Svartveit Sætre, Hauk Almeland Lidsheim og Hogne Dæmring Suhr spelte fleire superrunda, alle med gode resultat. Mikkel spelte i tillegg ein Narvesen Tour i klassen mix 9-12 år.
Sondre M Hovland deltok på fleire superrundar og vart klubbmester i Junior klassen, Sondre spelte og to Narvesen Tour G19 med gode resultat, ein 1. plass og ein 4. plass.
Ingeborg M Hovland spelte seks Narvesen Tour med 3 1.plasser og 3 2.plasser som resultat i J19. Ingeborg vart klubbmester i Junior jente. Ingeborg spelte ein Region Tour og enda på 3.plass i dameklassen. . Ingeborg spelte og fleire superrunder i 2021.
Ingeborg spela og Lag-NM for junior på Kjekstad golfklubb i juli, ho spelte på lag med Julie Ulvenes Kleppe frå Sotra golfklubb og dei fekk ein 4. plass i 1.divisjon junior.
Ingeborg kvalifiserte seg og til Srixon Tour (nasjonal turnering) etter gode resultat på Narvesen Tour, spelte 2 turneringer med ein 11. plass og 16. plass som resultat.
Ingeborg deltok og i ungdomsmesterskapet for 15/16 åringar på Losby golfklubb, her fekk ho ein 11.plass av totalt 16. deltakara.
Me oppsummerer kort og konsist med at me har hatt da moro og ser fram til nye slag i 2021.
Me har ikkje avholdt foreldremøte.
Helsing frå Damegruppa
I år har det ikkje vore noko komité rundt damegruppa. Tysdagane har vore opne for at damene sjølve kan samlast utan at det vert organisert gjennom Golfbox.
Det blei sendt eit lag på lag-NM i år. Her stilte Maria Vestrheim og Randi Østvik opp og tok ein flott 3. plass med seg heim.
Me har også hatt ei fantastisk damehelg på Voss der det totalt var 40 damer frå forskjellige naboklubbar på besøk. God stemning, god mat og mange flotte resultat. Det stilte opp fleire damer frå klubben på dugnad heile helga for at opplevinga skulle stå til forventingane til besøket.
Helsing frå Seniorgruppa
Mandagsgolfen med seniorane er framleis i god gjenge, med mange karar som møter opp.
Sesongen 2021 starta med corona-restriksjonar, slik at Voss var den første klubben som arrangerte NSG-turnering dette året.
Me har år og vore med i lagserien for matchplay, det var mange som melde si interesse for å vera med, så det vart meldt på tre lag. Det eine laget vann gruppa si og kom til landsfinalen, som vart spelt i Tønsberg. Voss golfklubb sine representantar der var Maria Vestrheim, Arne Seim, Oddvar Jansen og Nils Bjarne Hommedal.
Voss golfklubb var med i NM for lag (2. divisjon vest) med eit dame- og eit herrelag. Arrangementet gjekk føre seg på Fana si golfbane.
På damelaget spelte Maria Vestrheim, Gunnvor Nilsen og Randi Østvik, medan Arne Seim, Nils Bjarne Hommedal, Egil Østvik og Svein Gjeraker var med på herrelaget.
Me har søkt om å få arrangere denne turneringa i 2022.
Randi Østvik vart utteken og spelte landskamp mot Sverige. Diverre vart det tap. Maria Vestrheim vart uteken og spelte landskamp mot Nederland, der Norge vann. J
Turneringsaktivitet i Voss Golfklubb
Helsing frå turneringskomite
Turneringssesongen ute starta 05. mai og vart avslutta 17.oktober. I tillegg til Superrunden, match-turnering, klubbmeisterskap og ope vossameisterskap, har me i meldingsåret også arrangert Belka Golf Nordic Open, NSG – Region, Narvesen Tour og Ladies Tour. I tillegg har det også vore halde ein del lokale turneringar.
Grunna koronasituasjonen er det ikkje blitt arrangert innandørs turneringar.
Klubben har i 2021 halde seg på om lag same nivå som fjoråret når det gjeld turneringane. Framleis har koronasituasjonen vore positiv i høve utøving av golfsporten. Superrunden er blitt arrangert etter same modell som i fjor. Deltakinga har vore om lag som i 2020. I meldingsåret hadde me premiar til vinnarane av Order of Merit vår og haust. Desse gjekk til Sondre M. Hovland (vår) og Mikkel Svartveit (haust). Hovudpremien, fritt spel på bana i 2022, vart trekt blant alle scorekorta for sesongen. Dette gjekk føre seg etter siste Superrunden og vinnaren i år vart Nils Istad.
Seimen Open/Vossameisterskapen hadde også i år bra deltaking, og ein fantastisk sponsor i SEIMEN A/S. Verksemda stilte med premiar i alle klassar og meir enn det. Stor takk frå komitéen.
Klubbmeistarar 2021 vart Ingeborg Hovland (junior jente), Sondre M. Hovland (junior gut), Gunnvor Rogne Nilsen (damer) og Carl van den Boom (herrar), Ingrid Laurhammer Fagnastøl (senior damer) og Egil Østvik (senior herrar).
Turneringskomitéen vil retta ein stor takk til alle som hjelpt oss gjennom sesongen.
Me seier til slutt lukke til i 2022.
Nils Bjarne Hommedal Terje Vethe
Marius Lidsheim Almeland Ove Magne Straume
Sportslege resultat
Under følgjer utvalte resultat for 2021.
Klubbmeisterskap Damer/Jenter Herrer/Gutar
Damer/Herrer 1. Gunnvor Rogne Nilsen 1. Carl Van Den Boom
2. Ingeborg Hovland 2. Alvar Fjellanger
3. Maria Vestrheim 3. Jonny Merkesdal
Senior 1. Ingrid Fagnastøl 1. Egil Østvik
2. Ingunn berge 2. Arne Seim
3. Nils Bjarne Hommedal
Junior 1. Ingeborg Hovland 2. Sondre Hovland
NM lag Damer/Jenter Herrer/Gutar
Damer/Herrer 3. plass i 2. divisjon. 11. plass i 2. divisjon.
Laget: Randi Østvik, Laget: Jonny Merkesdal,
Maria Vestrheim Andreas Oppedal,
Alvar Fjellanger, Marius Almeland,
Rune Rogde
Junior 4. plass i 1. divisjon.
Ingeborg Hovland spela
På lag med Sotra
NM lag Senior Damer Herrer
Damer/Herrer 1. plass i 2. divisjon. 10. plass i 2. divisjon.
Laget: Ingrid Fagnastøl, Laget: Svein Gjeraker
Gunnvor Rogne Nilsen, Arne Seim,
Randi Østvik, Nils Bjarne Hommedal
Maria Vestrheim Egil Østvik
Banerapport frå Voss Golfbaner
Sesongen 2021 var ein god sesong for Voss Golfklubb / -bane med stor aktivitet. Tilbakemeldingane frå gjestespelarar var god. I golfmagasinet vart også banen presentert på ein god måte. Det dei fann som negativt var at sesongen var kort. Men faktum er at banen på Voss har om lag like lang sesong som andre baner i vårt område, bortsett frå dei som tilbyr spel frå matter og har etablert vintergreenar.
Banemannskapet har gjort ein god jobb med vedlikehald og slått. Nedjustering av klyppehøgd av rough resulterte i langt mindre klager på rough’en. Den store trafikken på banen førde til at slitasjen på enkelte utslag var stor og det kunne til tider vera vanskeleg å finna nye plasser for plassering av utslag. I ein periode med lite nedbør vart fairway tørr og vatning fra mobilt anlegg var ikkje tilfredsstillande. I ettertid ser vi at banen burde vore utstyrt med eit vatningsanlegg også langs fairway. Ei eventuell etablering av vatningsanlegg no er ei stor investering som pr. dato er uaktuell.
Banemannskapet har også i periodar fått lite tid og tilkomst til å utføre oppgåvene sine grunna mange golfspelarar på banen. Dette var eit luksusproblem som vart løyst gjennom fleksibel arbeidstid.
Det har vore utført dugnad med rydding av kratt og småskog langs banen, med godt frammøte av trufast dugnadsgjeng. Så har vi eit par medlemer i klubben som har teke på seg å halde det ryddig og fint rundt green på hol 3 og rundt utslag 7. Flott initiativ.
Vi har fått nye lay-out på skilt ved alle utslag. Takk til Svein Oliver Vedaa for hans bidrag. Det er og under arbeid ny baneguide.
VGB invisterte i 2021 i eit lagerbygg for lagring golfbager og traller. Bygget kom opp takka vere godt bidrag fra Seimen AS (sponsor) og ein god del arbeid utført som dugnadsarbeid. Ca. 70% av skåpa er pr. dato utleigde.
Planlagde arbeid. Flage Maskin AS (sponsor) gav oss hausten 2021 tilbod på grunnarbeid med 3 nye utslag. Desse skal fullførast med vekstmasse og ferdiggras våren 2022. Då blir det eit nytt utlag på hol 4, på hol 7 og hol 9. Det er ein tendens i golfverden å etablere fleire utslag og då primært for å korte ned hollengdene og med det gjere banane meir spelevenlege.
Det er og behov for noko meir drenereingsarbeid, bl.a. drenering av driving range i tillegg til nokre området på banen. Det vert også arbeid med ei løysing for å lette arbeid vasking/tøming baller i ballautomat.
Vi bør og gjennomføre eit par vårdugnader med rydding av pas og kratt.
Sikkerheit
Sikkerheit for banemannskap, spelarar og andre som ferdes på og ved bana har høgaste prioritet. Det har ikkje vorte rapportert alvorlege ulykker med skade på menneske, men for å unngå uheldige episodar som kan opplevast ubehageleg så bør ein hugse på at:
Det er spelaren som har ansvar for at banemannskapet og andre ikkje utsettast for fare. Det betyr at ein ikkje skal slå ballen når det er den minste mogelegheit for at ballen kan treffe menneske, utan at det er gitt klarsignal frå den som kan vere i faresona. Tenk også alltid på at ein skal ha god avstand til spelarar framfor seg og ikkje slå ballar i hælane på dei. Det er sett opp ei bjelle på hol 4 for å unngå at spelarar på fairway skal bli truffe av spelarar som står klar på tee.
Dugnad
Voss Golfklubb er avhengig av frivillig arbeid for å halde kostnadane nede, og samtidig kunne presentere klubben frå si beste side. Det er mange medlem som yter betydelig innsats. Det leggast ned utruleg mange dugnadstimar i Voss Golfklubb, og 2021 var ingen unntak.
- Me har hatt ein stor dugnad ute på bana for å rydde pas og liknande.
- Me har hatt fleire som har gjort god innsats rundt på bana utan organisering.
- Me har hatt den årlege utvasken på hyttene og i klubbhus.
- Me har hatt ein kjempe gjeng som har hjelpt til med ballplukk på driving range.
- Me har fått arrangert flotte turneringar med god hjelp frå komitear og frivillige.
- Me har fått mange nye medlemmar gjennom VTG på grunn av gode, engasjerte og frivillige instruktørar.
- Me har hatt fleire arrangement arrangert ved at frivillige stiller opp og hjelper til.
- Me har dekka fleire vakter i proshop.
- Me har fått god hjelp frå fleire medlem for at bagbu blei ferdigstilt.
Ein stor takk til alle som har bidratt frivillig for at det skal gå rundt på Golfbana me er så glad i og stolte av!