Referat medlemsmøte 8.april
Referat etter medlemsmøte 8. April 2022
17 medlemmar møtte opp.
Klubben informerte om dugnader framover og at klubbhuset må vaskast før sesongåpning, me håper å få gjort dette i veke 16/17 meir info på heimeside og facebook når dato er bestemt.
I tillegg vert det dugnad på banen før åpning, usikkert kortid all den tid snøen fortsatt ligg på banen. Klubben har informert Voss Golfbaner at me kan stille på kort varsel.
Det vart informert om dei forskjellige komiteene klubben har og ansvarlige. Oppsummert :
Grønn Golf Glede : Terje Vethe, her ynskjer klubb ein medlem til for å hjelpe til.
Seniorkomite: Nils Bjarne Hommedal
Turneringskomite: Nils Bjarne Hommedal, Terje Vethe
Juniorkomite: Stig Anders Hauge og Glenn Ove Hovland
Damekomite: Sunniva Horvei
Trenarkomite: Terje Vethe
Dugnadskomite: Klubbstyret
Medlemskomite: Klubbstyret
Valkomite: Sunniva Horvei, Bjarne Eggereide, Magnar Grevle, Steinar Ure
Kontrollutval: Oddvar Jansen, Maria Vestrheim, Randi Østvik
Klubben har 2 stk som skal på trenar 1 utdanning dette året, Stig Anders Hauge og Sondre M Hovland.
Til slutt informerte klubben om simulator og vegen vidare.
Programmet me brukar pr. i dag er ferdigutvikla, dvs. at her vert det ikkje meir oppdateringer anna enn ev. fleire baner og ein litt bedre speleopplevelse, men det har ein pris på ca. 20 000 pr år. Det synes klubbstyret er lite aktuelt og vil heller gå for det «alle» andre klubber som har simulator og det er Trackman simulator. Her har klubben henta inn pris og pr. i dag for 2 Trackman vil det koste 350 000,- kroner. Trackman vil og kunne brukast ute under trening.
Klubben har hatt dialog med Voss Golfbaner vedr. investering og dei er positive så lenge dette vert finansiert uten å gå på bekostning av bane og klubbhus, det er ikkje aktuelt for klubben å gå på sponsorar som har avtale med Voss Golfbaner. Her må det finansierast gjennom anleggsmidler hjå Golfforbundet (siste åra har det vert 80% av 1/3 dels investering, ca. 80 000), me har og ei juniorgruppe som mottar spelemidler på ca. 100 000 kr i året og litt av dei midlane kan gå til finansiering av simulator, dei midlane er øyremerka juniorarbeid og rekruttering. Ellers har klubben ein sponsor som er villig til å gå inn med 20 000,- kr. Vedr. Trackman, klubben går inn for å få fleire slike avtaler på plass istadenfor eit par tusen her og der. I tillegg har me eit ganske solid overskot på simulatorspel og kanskje noko av det kan brukes og.
Klubben fortsett å jobba for Trackmansystemet, vert ikke aktuelt å setta noko i bestilling før ev. ekstraordinært årsmøte eller årsmøte neste år.