Fantastisk Lag-NM av Ingeborg og Julie.
Jentene frå Voss og Stora spelte i helga gnistrande og tok 2.plassen i lag-NM for junior på Hauger GK. Ein fantastisk prestasjon og jentene var også svært nære å ta sigeren, men Oppegård vart for sterke etter omspel der dei fekk inn ein birdie på første omspelshol. Etter 3 rundar spelt på Hauger var jentene berre 9 slag over par. Ein kjempeprestasjon. Neste turnering for Ingeborg vert NM junior på Losby 20.-22. Juli.