Fellestreningar for alle!
Frå mandag 22.august byrjar me opp igjen med fellestreningar. På mandagar vert det juniortrening frå 1700-1900 og denne overlappar med fellestrening for alle aldrar og nivå frå 1800-2000. Torsdag vert det også juniortrening frå kl 1730-1900.
På fellestreningane får du møta andre spelarar i golfklubben i ein sosial og avslappa tone. Ein kan velje om ein vil drive eigentrening eller være med på øvelsar som det vert lagt opp til innan lange slag eller nærspel.
Treningane er heilt gratis for medlemmar av Voss GK og du får fri bruk av ballar på driving rangen. Ein kjempemoglegheit til å kunne trene golf samt være i lag med andre medlemmar i klubben. Kom på trening!