Junior tour Voss

Søndag 11. august var det Junior tour på Voss. 45 spelarar påmelde og det blei konkurrert i fem forskjellige klassar.

For dei yngte var det ei kort løype med seks hol mellom 50-100 meter. Dei sju gutane som var med her spelte scramble og fekk klyra golfbil, noko som dei var særs nøgde med. Kjekt også å nemna at tre av spelarane her var frå Voss GK.

Gutane i klasse 6-8 år er nøgde med premiane

I klasse 9-12 år var det 11 deltakarar og svært gledeleg var heile seks av desse jenter. Desse spelte 9 hol frå tee 31 og leverte mange gode slag.

Her var det også mange som var nøgde med premiane sine

I dei eldste klassane vart det konkurrert i klassane mix 13-15 som spelte 9 hol og gutar 13-15 og 16-19 som spelte 18 hol. Full resultatliste for desse klassane kan de finne HER.

I mox 13-15 stakk Niklas Norevik Fjell av med sigeren. Han gjekk heile 9 slag under sitt par.
Noah Christensen Leirstein tok heim sigeren i klasse 13-15 år med 2 slag under sitt par.
I den eldste klassen med heile 16 startande var Nicklas Knarvik sterkast og vann med 4 under sitt par. Han gjekk også den beste runden i turneringa på 75 slag. Eitt slag framfor Nicolai Eric Goosen som gjekk på 76 slag.

Voss Golfbaner
Golfparken 9
5710 Skulestadmo
Telefon: 400 04 490
post@vossgolf.no