Trening på mandagar – for alle aldrar

I haust skal me prøve oss fram med trening på mandagar. Det byrjar med dei yngste juniorane (til og med 7.klasse) som trenar frå kl 17-18. Deretter trenar dei eldste juniorane (8.klasse til og med vg 3) frå 18-19. Frå kl 19 og utover kvelden vert det trening for alle aldersgrupper. For juniorane er det ingen problem at dei er lenger enn oppsatt tid. Men det er den eine timen som er organisert trening. Etterpå må dei styre seg litt sjølv.

Treningane vil bestå av enkle øvingar samt spel på bana og det vil være trenarar (med litt kompetanse) som du kan spørje om tips og triks. Me håpar så mange som mogleg vil være med og her kan ein komme uansett om ein har 54 i hcp eller er scratch-spelar. Alle er hjarteleg velkomne.

Dette vil også være eit tilbod til folk som vil byrje med golf og ikkje har VTG-kurs. For dei som ynskjer kan treningane være ein del av VTG-kurset og ein vil dermed kunne spele golf på bana etter å vore på 3-4 treningar. Meir info om dette til dei som kjem på treningar. Så sprei ordet til dei på Voss og i vårt omland som kunne tenkje seg å begynne å spele golf. Velkomne!

Voss Golfbaner
Golfparken 9
5710 Skulestadmo
Telefon: 400 04 490
post@vossgolf.no