TrackMan info

Hei, då er 2 stk. TrackMan bestilt, betalt og undervegs frå Danmark. Takk til dei som har førehandsbetalt fritt-spel årskort på dei nye simulatorane, samt dei bedrifter som har vore med og sponsa.

De som enno ikkje har kjøpt årskort TrackMan, siste frist for redusert pris for fritt spel (kr. 3000,-) er t.o.m. fredag 27.september. Etter dette vil prisane verta som fylgjer:

Årskort man-fre fram til kl.16: 3500,-

Årskort fritt spel: 4000,-

Årskort fritt spel junior (medlem av Voss Gk): 1500,-

For dei som vil tinga årskort innan fristen, betal kr. 3000,- til kontonr: 3480.13.81989 mrk. med navn.

Timeprisar vil me koma attende til.

For å førebyggja utanforskap grunna økonomiske situasjonar har klubben midlar tilgjengeleg for juniorar. Kontakt Glenn Ove Hovland eller Terje Vethe angåande slik støtte.

Når dei nye TrackMan-simulatorane er montert og klar til bruk, vil me invitera til klubbkveld med instruksjon og informasjon.

Mvh. Voss Golf

Voss Golfbaner
Golfparken 9
5710 Skulestadmo
Telefon: 400 04 490
post@vossgolf.no