Siste åpningsdag vert 14.oktober

Hei, då går det mot slutten av årets utesesong. Ein herleg sesong med flott bane so å sei heile sesongen, masse gjestespelarar og god stemning. 🙂

Det er ein del som skal gjerast på banen før vinteren kjem, (og den er ikkje langt unna ser det ut til 🙁 ) blant anna pipelufting av greener, tømming av vatn i vatningsanlegg, fikse bunkers, vekkrydding av skilt, benker, river, etc.

Så då er det bestemt at :

SISTE ÅPNINGSDAG VERT MANDAG 14. OKTOBER.

Drivingrangen vil vera åpen ei stund til, men vert stengt kl. 19.00 kvar dag frå og med tysdag 15. oktober. Resten av treningsområdet (putt- og chippegreen) vert stengt ned.

Ellers er Trackman komt forbi tollen og er forventa levert til oss rett over helga. Her vert arbeidet med å få desse satt opp iverksett umiddelbart etter ankomst Golfparken. 😉 Meir info i neste veke.

Voss Golfbaner
Golfparken 9
5710 Skulestadmo
Telefon: 400 04 490
post@vossgolf.no