
Sakspapir årsmøtet
Årsmøte
Voss Golfklubb 2025
Innhold
Styre, utval og komitear 2024
Medlemsforhold
Golf-året 2024
Tilsette
Spel og aktivitetar
HCP-profil
Vegen Til Golf
Innersvingen
Treningstilbod
Helsing frå Juniorgruppa
Helsing frå Damegruppa
Helsing frå Seniorgruppa
Turneringsaktivitet i Voss Golfklubb
Helsing frå turneringskomite
Sportslege resultat
Banerapport frå Banekomitee
Sikkerheit
Dugnad
Saksliste til årsmøte 21. mars
1. Godkjenning av frammøte og stemmeføre
2. Val av dirigent
3. Val av protokollførar
4. Val av to medlemmar til å underteikna protokoll
5. Godkjenne innkalling og saksliste
6. Handsame klubben si årsmelding
7. Handsame klubben sin rekneskap
8. Vedta klubbens budsjett 2025
9. Fastsetje medlemskontingentar for 2026
10. Behandle klubbens organisasjonsplan
11. Behandle innkomne forslag og saker
12. Val
Klubbstyrets forord
Året 2024 har vært eit flott år for Voss Golfklubb. Me har i 2024 hatt mange på VTG kurs og dei fleste som tar kurs melder seg inn, i 2024 kunne ein og sjå at det er den yngre garde som er i stort fleirtal på kurs. Moro.
Driving-rangen åpna 16. april og banen åpna med sommargreener den 3. mai. Det var god aktivitet på drivingrange ved åpning, og ved baneåpning var det mykje trafikk fra både medlemmer og greenfeespelarar. 2024 var eit særs godt år med tanke på antall greenfee spelarar og dei fleste har hatt da kjekt på banen vår.
Me har hatt fin oppgang i antall medlemma i forhold til 2023, mens det fortsatt er nedgang i antall spelarar på turneringane våre og dette er noko me i klubbstyret vil ta tak i 2025.
Klubbhuset er fortsatt ein attraktiv plass for «ikkje-golfarar». Fleire bedrifter/klubber har tatt turen for sosialisering og team-building. Det har vore innhopp frå fallskjermklubben, sommarfestar for fleire bedrifter og mykje meir.
Me lyt og takka banemannskapet med Per i spissen for å ha holdt banen i god stand gjennom heile sesongen. Banekomiteen/grasgutane må takkast for særs god jobb og innsats med arbeidet som er gjort på banen. Her og då spesielt når det gjeld greenane, dei er blitt meget bra.
Ellers er dugnadsånden ikkje like stor som før, men det er ikkje noko unikt for oss på Voss. Dei fleste klubber slit med å få medlemmene til å stille på dugnad, me håper dette tek seg litt oppatt hjå oss i 2025.
Styre, utval og komiteer 2024
Styret i Voss Golfklubb, valgt på årsmøtet i 2024:
Leiar: Glenn Ove Hovland valgt for 2024
Nestleiar: Terje Vethe Valgt for 2023 og 2024
Styremedlem: Marius Almeland 2023 og 2024
Styremedlem: Nils Bjarne Hommedal Valgt for 2024 og 2025
Styremedlem: Therese Grevle Vik Valgt for 2024 og 2025
Styremedlem: Kjetil Brusveen 2023 og 2024
Varamedlem: Sunniva Horvei Valgt for 2024
Varamedlem: Sigve Brunborg Valgt for 2024
Styret vart konstituert på styremøte 26.04.23 Styret har hatt 8 styremøter i 2023.
Kontrollutval
Leiar: Oddvar Jansen valgt for 2023-2024
Medlem: Maria Vestrheim Valt for 2023
Varamedlem: Randi Østvik Valgt for 2023
Valkomite
Leiar: Ståle Hesjedal valt for 2023
Medlem: Bjarne Eggereide Valt for 2023
Medlem: Magnar Grevle Valt for 2023
Varamedlem : Steinar Ure
Komiteer i Voss Golfklubb 2024
Turneringskomitee: Nils Bjarne Hommedal,Ove Magne Straume, Marius Almeland
VTG komitee: Glenn Ove Hovland, Stig Anders Hauge
Senior komitee: Nils Bjarne Hommedal, Ove Magne Straume
Dugnadskomitee: Terje Vethe, Glenn Ove Hovland,
Banekomitee: Svein Oliver Vedå, Terje Vethe
Medlemskomitee: Kirsten Rogne, Ingunn Berge
Medlemsforhold
Ved utgangen av 2024 hadde Voss Golfklubb totalt 474 medlemmar på følgande kategoriar. Dette er opp frå 407 medlemmar i 2023.
Aldersgruppe Dame/Menn 2024
Aktive fordelt på kjønn og handicapgruppe * | |||
Handicapgruppe | Damer | Menn | I alt |
Gruppe 1: Under 4,5 | 1 | 2 | 3 |
Gruppe 2: 4,5 – 11,4 | 1 | 23 | 24 |
Gruppe 3: 11,5 – 18,4 | 4 | 41 | 45 |
Gruppe 4: 18,5 – 26,4 | 6 | 85 | 91 |
Gruppe 5: 26,5 – 36,0 | 28 | 77 | 105 |
Gruppe 6: 37 – 54 | 56 | 150 | 206 |
I alt | 96 | 378 | 474 |
Aldersgruppe Dame/Menn 2024
Aktive fordelt på kjønn og aldersgruppe * | |||
Aldersgruppe | Damer | Menn | I alt |
0-12 | 3 | 13 | 16 |
13-19 | 4 | 55 | 59 |
20-25 | 2 | 38 | 40 |
26-39 | 12 | 67 | 79 |
40-54 | 19 | 61 | 80 |
55-69 | 37 | 91 | 128 |
70- | 19 | 53 | 72 |
I alt | 96 | 378 | 474 |
Golf-året 2024
Tilsette
Voss Golfklubb har hatt 4 deltidsansatte i kafeen. Alt anna arbeid i klubben er gjort på
dugnad.
HCP-profil Voss Golfklubb
Aktive fordelt på kjønn og handicapgruppe * | |||
Handicapgruppe | Damer | Menn | I alt |
Gruppe 1: Under 4,5 | 1 | 2 | 3 |
Gruppe 2: 4,5 – 11,4 | 1 | 23 | 24 |
Gruppe 3: 11,5 – 18,4 | 4 | 41 | 45 |
Gruppe 4: 18,5 – 26,4 | 6 | 85 | 91 |
Gruppe 5: 26,5 – 36,0 | 28 | 77 | 105 |
Gruppe 6: 37 – 54 | 56 | 150 | 206 |
I alt | 96 | 378 | 474 |
Vegen Til Golf
Det har vore fem planlagte kurs gjennom utesesongen, samt at det har vore ekstra kurs ved interesse. Deltakelsen på VTG har i 2024 har vore ca. 70 stk. mange melder seg inn i klubben. Verdt å merka seg her er at etter ferien var det mange som kom frå Bergen og tok kurs hjå oss grunna fulle kurs i Bergen og Omegn. Takk til Stig Anders Hauge for eit godt stykkje utført arbeid.
Uansett så er VTG noko me må jobba endå meir med for å få nye medlemma i klubben vår, dette er noko som kjem til å bli prioritert i 2025.
Innesvingen/Simulator
Som dei fleste har fått med seg fekk me i November 2024 på plass nye simulatora i form av Trackman. Dette har vært ein suksess og det er mange som spelar. Dette har skapt gode inntekter for klubben , ikkje berre sal av sesongkort, men og i form av «greeenfee».
Treningstilbod
Klubbstyret vedtok å starte opp klubbtreningar for å auke aktivitet blant medlemmane i
klubben og for å gi både nye og gamle medlemmar eit trygt og sosialt miljø.
Målet var å ha ei trening i veka som blei styrt av instruktørar og trenarar, der
treninga skal ha hovedfokus på driver, putting, nærspel. Det vart
gjennomført nokre treningar i 2023, men interessa var liten og dette rant litt ut i sanden. I 2024 kjem treningane til på bli mandager og ilag med juniorane.
Elitetreninger var heller ingen suksess i 2023 og dette tilbodet utgår i 2024.
Helsing frå Juniorgruppa
Voss Golfklubb sine juniorar har spela lokale turneringar i 2024. For det meste er det turneringar på banen vår me har spelt, slik som superrunden og eigne turneringa. I august arrangerte klubben Junior Tour og fleire spelarar frå Voss var med.
Det har vore mellom 10-15 spelarar som har vore med aktivt på treningar gjennom året. Ingeborg M Hovland den mest aktive på turneringsfronten, ho spelte Srixon Tour og Norgescup i 2024.
Trenarar: Stig Anders Hauge og Even Blindheim Børve har vore hovudtrenar. Silje Svartveit, og Glenn Ove Hovland har bidratt etter behov og fleire foreldre har og så bidratt når dei har vore der. Viktig å aktivisere fleire foreldre.
Oppmann/organisator: Glenn Ove Hovland, Even Blindheim Børve og Stig Anders Hauge.
Juniorgruppa har hatt fokus på tryggheit, trivsel og det å få oppleva meistring i 2024. Noko me kjem til å ha fokus på i 2025 også.
Me skulle veldig gjerne vært fleire spelarar, men det er vanskelig å konkurrera om ungdommen med dei «store» idrettane som fotball, håndball og langrenn her på Voss. Men det har vore til tider eit godt oppsving. På det meste har det vore mellom 10-15 stk på trening i alderen 5-13 år. Litt varierande oppmøte gjennom sesongen. Me har sett at det har vore ein stor auke i spesielt gutar i alderen 13-14 år og oppover. Ein del av desse har vore med på treningar, men dei likar mest den uorganiserte leiken med golf verkar det som.
Me har organisert fleire opne kveldar for skuleelevar i vidaregåande denne sesongen. Dette har vore veldig populært og på det meste var me mellom 20-30 stk ein kveld. Litt vel stort oppmøte i forhold til kva me vaksne som kunne være med å organisera. Me oppsummerar uansett med at dette var ein suksess då mange av dei som var til stades har tatt kurs og meldt seg inn i løpet av året. Det er spesielt blant gutar dette har vore populært. På jentesida har me framleis ein lang veg å gå.
Narvesen Tour vart arrangert med stor suksess i august. Turneringsgeneral og dommar Gaute Kalstad gjorde ein kjempejobb med turneringa både før, under og etterpå. Ein stor takk til Gaute for at me kan arrangere denne turneringa og me håpar han tek på seg mykje ansvar til neste år også..
Me oppsummerer kort og konsist med at me har hatt da moro og ser fram til nye slag i 2025.
Me har ikkje avholdt foreldremøte, men planlegg eit informasjonmøte/foreldremøte for dei som vil være med på golf i år. Dette møte satsar me på å avhalde i april/mai.
Helsing frå Damegruppa
I år har det ikkje vore noko komité rundt damegruppa. Tysdagane har vore opne for at
damene sjølve kan samlast utan at det vert organisert gjennom Golfbox.
Me har og som vanleg hatt ei damehelg i august 2024. Lite påmeldinger i 2024 og me har gitt tilbakemelding til «damene» og turneringskomitee at her må det bli fleire spelarar om me skal fortsette med denne turneringa hjå oss.
Det stilte opp fleire damer frå klubben på dugnad denne helga i august og dei som spelte hadde ei kjekk helg .
Helsing frå Seniorgruppa
Året 2024 sarta med vårspretten i Stavangerområdet og fortsatte med sisser classic turneringer rundt omkring på vestlandet. Nokre av oss reiste litt lenger.
Me arrangerte som vanlig ein 2 dagers NSG turnering på Voss 1 og 2 Juni.
Det god deltakelse med 62 på Laurdag og 64 på Sundag.
Voss sine seniora stilte med 1 lag i lagserien i match play i år og.
Dette året klarte me desverre ikkje å kvalifisera oss til sluttspelet.
Seniorane har heldigvis fortsatt med frokost/dugnads golfen 2 dager i veko og
Det er bra oppmøte.
Randi og Maria vart uttatt til landskamper i år og, som er veldig bra.
Landskampane gjekk mot Portugal og Nederland.
Det er god reklame for Voss Golfklubb, så takk for innsatsen
Maria var til Portugal.
Randi var til Nederland.
Turneringsaktivitet i Voss Golfklubb
ÅRSMELDING TURNERINGSKOMITÉEN 2024
Desse har sete i turneringskomitéen: Nils Bjarne Hommedal leiar Marius Litsheim Almeland medlem Ove Magne Straume medlem
TURNERINGAR Turneringssesongen ute starta 08. mai og vart avslutta 05. oktober. I tillegg til Superrunden, matchturnering, klubbmeisterskap og Smalahove-turnering, har klubben i meldingsåret også arrangert Golf Nordic Open, NSG – Sissener Classic Tour (både vår og haust), Region Tour Vestland, Narvesen Tour og Ladies Tour. Det har også blitt arrangert ein del lokale turneringar, m.a. Seimen Cup (Raider).
Som eit resultat av færre påmeldingar over fleire år til klubbturneringa Superrunden, prøvde me å gjera nokre vriar i 2024, i eit forsøk på å få auka deltaking. I vårsesongen prøvde me med å variera med to parturneringer innimellom 6 vanlege onsdagsturneringar, noko som synte seg å fungera sånn passeleg. På parturneringane deltok til saman 42 spelarar (21 lag). Dei «vanlege» Superrundane hadde ei deltaking på 121 deltakarar, altså eit snitt på 20 pr. turnering.
Vidare hadde me Order of Merit med same premiering som dei to føregåande åra. OOM vart våren 2024 vunnen av Arne Seim. Før haustsesongen prøvde me med ei «revitalisering» av turneringa, der me m.a. bytte namn frå Superrunden til MedlemsGolf (MG).
Dette for å prøva å gjera namnet mindre «skummelt», med tanke på nye og spesielt unge deltakarar. Suksessen let venta på seg! Me kutta også ut premiering for OOM, men vidareførte parturnering på to av onsdagene. Her vart deltaking mest identisk med våren, 41 spelarar (10 lag). Vidare hadde me 5 vanlege turneringar med totalt 106 deltakarar.
Totalt var det altså 320 deltakarar. Det positive er at deltakertallet har auka med 75 deltakarar frå 2023. Etter ein bra auke i deltakartalet i 2023, hadde Voss Match i 2024 færre deltakarar att (20 mot 28). Vinnar vart Oddvar Nilsen, etter å ha vunne over Tore Brunborg i finalen. Klubbmeistarar 2024 vart Bendik Vaksdal Låstad (junior herrer), Ingeborg Hovland (damer), Carl van der Boom (herrar) og Egil Østvik (senior herrar). Ingen deltakarar i junior damer og senior damer.
Turneringskomitéen vil retta ein stor takk til alle som har hjelpt oss gjennom sesongen. Me seier til slutt lukke til i 2025.
Årsmelding frå Banekomitee er vedlagt.
Sikkerheit
Sikkerheit for banemannskap, spelarar og andre som ferdes på og ved bana har høgaste
prioritet. Det har ikkje vorte rapportert alvorlege ulykker med skade på menneske, men for å
unngå uheldige episodar som kan opplevast ubehageleg så bør ein hugse på at:
Det er spelaren som har ansvar for at banemannskapet og andre ikkje utsettast for fare. Det
betyr at ein ikkje skal slå ballen når det er den minste mogelegheit for at ballen kan treffe
menneske, utan at det er gitt klarsignal frå den som kan vere i faresona. Tenk også alltid på
at ein skal ha god avstand til spelarar framfor seg og ikkje slå ballar i hælane på dei. Det er
sett opp ei bjelle på hol 4 for å unngå at spelarar på fairway skal bli truffe av spelarar som
står klar på tee.
Dugnad
Voss Golfklubb er avhengig av frivillig arbeid for å halde kostnadane nede, og samtidig kunne
presentere klubben frå si beste side.
o Me har hatt ein stor dugnad ute på bana for å rydde pas og liknande.
o Me har hatt fleire som har gjort god innsats rundt på bana utan organisering.
o Me har hatt ein kjempegjeng som har hjelpt til med ballplukk på driving range.
o Me har fått arrangert flotte turneringar med god hjelp frå komitear og frivillige.
o Me har fått fleire nye medlemmar gjennom VTG på grunn av gode, engasjerte og
frivillige instruktørar.
Saksliste til årsmøte 21. mars
1. Godkjenning av frammøte og stemmeføre
Forslag til teljekorps: Nils Bjarne Hommedal, Kirsten Hauge Rogne
2. Val av dirigent
Forslag til møteleiar: Glenn Ove Hovland
3. Val av protokollførar
Forslag til protokollførar: Terje Vethe
4. Val av to medlemmar til å underteikna protokoll
Forslag til underteikning av protokoll:
Ingunn Berge
Steinar Ure
5. Godkjenne innkalling og saksliste
Godkjenning av innkalling og saksliste
6. Handsame klubben si årsmelding
Gjennomgå årsmelding
7. Handsame klubben sin rekneskap
Reknskap for 2024 er presentert som vedlegg 1.
8. Vedta klubbens budsjett 2025
Budsjett 2025
Inntekter
3000 Salg Proshop/kafe kr -600 000
3200 Medlemskontigent Kr -1 200 000
3215 Inntekter turneringar Kr -100 000
3219 Inntekter spelemidlar/Bingo Kr -60 000
3220 Kort innesvingen Kr -100 000
3440 Norsk tipping/Grasrot Kr -120 000
3900 Andre inntekter Kr -150 000
Sum Kr -2 330 000
Utgifter
4000 Utgifter turneringar Kr 90 000
4300 Varekjøp Proshop/kafe Kr 340 000
5000 Lønn/feriepeng/arb.avgift Kr 230 000
6015 Avskrivingar Kr 50 000
6560 Driftrekvisita Kr 20 000
6790 Rekneskap/ekst. Tjenester Kr 25 000
6800 Kontorkostnader Kr 20 000
7350 Reise/representasjon, admin Kr 30 000
7410 Medlemskontigent NGF Kr 130 000
7500 Forsikring Kr 5 000
7560 Serviceavgift Kr 1 300 000
7601 Lisensar Kr 30 000
7710 Deltaking andre stevner Kr 60 000
Sum Kr 2 330 000
Inntekter Kr -2 330 000
Utgifter Kr 2 330 000
Resultat Kr 0
9. Fastsetje medlemskontingentar for 2026
Forslag frå klubbstyret er å halde kontigentane som dei er for 2026.
10. Behandle klubbens organisasjonsplan

11. Behandle innkomne forslag og saker
11.1 Styret foreslår at frå 2026 skal styreleiar i klubb få fritt spel dekka av klubb for det aktuelle året ein er styreleiar. Normal praksis i dei fleste klubbar og gjer det nok litt enklare å få nokon til å ta vervet.
12. Val
a) Klubbstyre med leiar, nestleiar, 4 styremedlemmar og 2 varamedlemmar.
Forslag frå valkomite:
Klubbstyre 2025
Therese Grevle Lid har bedt om å fratre som styremedlem eitt år før tida. Dette har styret akseptert.
Leiar: Glenn Ove Hovland (velges for 2025)
Nestleiar: Terje Vethe (velges for 2025 og 2026)
Styremedlem: Marius Almeland (velges for 2025 og 2026)
Styremedlem:
Styremedlem: Sigve Brunborg (velges for 2025 og 2026)
Styremedlem: Nils Bjarne Hommedal (ikkje på val)
Varamedlem: Sunniva Horvei (velges for 2025)
Varamedlem: Carl van den Boom (velges for 2025)
b) Kontrollutval med 2 medlemmar.
Forslag frå valkomite:
Kontrollutval 2025
Leiar: Oddvar Jansen Velges for 2025 (Gjenval)
Medlem: Stig Anders Hauge
c) Valkomite med leiar, to medlemmar og ein varamedlem.
Forslag frå valkomite:
Valkomite 2025
Leiar: Ståle Hesjedal Velges for 2025
Medlem: Steinar Ure Velges for 2025
Medlem: Magnar Grevle Velges for 2025
Varamedlem Bjarne Eggereide Velges for 2025